Besøk oss på Facebook!Send oss en mail 

Håpar på heimhenting

30.03.2017

Når regjeringa i dag legg fram industrimeldinga, er beskjeden frå industriklynga på Raufoss at Norge må meina alvor med ei reindustrialisering.

 

Det er lyst, reint og høgt under taket hos bildelprodusenten Benteler på Raufoss i Vestre Toten.

På den heilautomatiserte produksjonslinja, som er i ferd med å trykka ut støytfangarar til Volvo, er Kine Jeanette Løkken kvinne over robotane.

Eigentleg er ho kokk, men som fleire andre i familien jobbar ho i dag i den 3000 mål store industriparken på Raufoss, som strekk seg frå Vestre Toten og inn i Gjøvik.

– Mange på Toten hamnar i industrien. Eg trivst godt, seier Løkken, som no har jobba over ti år i industrien.

Tyskeigde Benteler eksporterer åtte millionar støytfangarar i året. Faktisk blir støytfangarane til éin av tre nye bilar i Europa produserte på Raufoss. Nyleg har bedrifta, eit av lokomotiva i industriklynga på Raufoss, investert 230 millionar kroner i å bygga to nye produksjonslinjer i det gamle stålverket i parken.

Spent på melding

I dag presenterer statsminister Erna Solberg (H) og næringsminister Monica Mæland (H) innhaldet i den fyrste industrimeldinga sidan 1981. Det var opposisjonen på Stortinget som bad regjeringa legga fram ei industrimelding, og næringsministeren har besøkt industrimiljø i både Norge og utlandet i arbeidet med meldinga.

Forventningane på Raufoss er store.

– Me håpar at det kjem ei offensiv melding med eit perspektiv om at AS Norge no meiner alvor med ei reindustrialisering, som del av ein strategi for å skapa nye arbeidsplassar, seier Svein Terje Strandlie.

Han er administrerande direktør for Sintef Raufoss Manufacturing, eit felles forskings- og utviklingsselskap for dei mange bedriftene i industriklyngja på Raufoss.

Klassekampen møter Strandlie og leiar for Raufoss industripark, Sverre Narvesen. Begge er utolmodige, og fryktar andre europeiske land er i ferd med å dra frå Norge.

– Andre land har etablert nasjonale strategiar for korleis dei skal skapa nye arbeidsplassar ved å utvikla og produsera i eige land, seier Narvesen.

Han nemnar Tyskland, Frankrike, Nederland, Italia – og EU. Også i USA står heimhenting av industri på agendaen om dagen.

– Dei satsar alt dei har på å halda oppe og vidareutvikla ein manufacturing industri og ta heim igjen noko av det som er blitt outsourca til Asia dei siste ti–femten åra. For oss er det ikkje nok å henga med, me må også ta ein marknadsandel frå dei beste i Europa, seier Strandlie.

Hentar produksjon heim

I mange år var refrenget at tida for norsk industri gjekk mot slutten. Produksjonen blei flytta frå høgkostlandet Norge til lågkostland på andre sida av kloden. Men med høgteknologi og ein heilautomatisert produksjon, kan Norge hevda seg i konkurransen med nær sagt alle, meiner Strandlie og Narvesen.

Med ei høg grad av automatisering og den beste teknologien, kjem det produkt ut i andre enden med få feil, og produksjonen blir stabil. Dei treng ikkje gå langt for å peika på eksempel. Neuman Aluminium, som produserer hjuloppheng til bilar, flytta nyleg ein del av produksjonen frå Kina til Raufoss.

– Eksempelets makt er ganske interessant. Det er fleire eksempel på heimhenting, seier Narvesen.

– Det blir betre og billigare, legg han til.

Strandlie, som før han kom til Sintef var sjef for Benteler i sju år, peiker på den europeiske bilindustrien, som gjennom fleire år har flytta ein stor del av produksjonen til lågkostland i Asia.

– No endrar alle dei store strategi. Dei bilane som skal seljast i Europa, dei blir produsert i Europa. Dei som skal seljast i Kina, blir produsert i Kina. Det trur eg vil forsterka seg, seier han.

Narvesen og Strandlie understrekar at det er ein risiko som det offentlege må vera med på å ta.

– Me må ha mykje større verknadsgrad på alt me puttar inn. Men der ligg det ein risiko. Den risikoen må delast mellom industrien og det offentlege. Det er det me håpar industrimeldinga skal fortelja oss, seier han.

Saknar ein null

Industrien har alt fått gjennomslag for eit nytt innovasjonsverktøy. I statsbudsjettet for 2017 kom det 50 millionar kroner til såkalla katapultar, eller senter for å testa nye produkt og prosessar på tvers av bedrifter og forskingsmiljø.

No må det komma signal i industrimeldinga at det skal pøsast på med pengar i den nye ordninga i åra som kjem.

– Det er ikkje nok at alle synst ein katapult er bra, viss dimensjoneringa ikkje er i nærleiken av det som eigentleg trengst for at me skal gjera det like bra som andre land, seier Narvesen.

– Kva trengst? No er det lagt 50 millionar i ordninga.

– Viss ein meiner noko, så manglar det i alle fall ein null. Den må gå mot 500 millionar. Så får me sjå kor lang tid det tar før me er der, men meldinga må forstå dimensjonsutfordringa. Me kan ikkje vera happy for å ha fått ein katapult, seier han.

Fleire inn i statistikken

Elin Marianne Sørlien står over oppvasken hos  Sintef Raufoss Manufacturing. Etter at dei fleste er ferdige med lunsjen, er kantina omtrent tom.

Sidan desember har Sørlien hatt eit vikariat hos Toma Renhold og Katering.

– Det er ein bra arbeidsplass, seier ho.

Sysselsettinga i industrien har gått ned over mange år, og med kuttene i oljebransjen forsvann endå eit par tusen industriarbeidsplassar. Men ein del av nedgangen skuldast at delar av arbeidsplassane som tidlegare var industriarbeidsplassar, er overført til tenestenæringar, slik som jobben Sørlien gjer og dei åtte reinhaldarane frå ISS Facility Services AS som held reint hos fleire bedrifter i industriparken på Raufoss.

Logistikk og vakthald er andre oppgåver som er flytta inn i andre bedrifter, og dermed også ut av industristatistikken.

Også innleige frå vikarbyrå utgjer ein ikkje ubetydeleg del av sysselsettinga i industrien, som ikkje synest i statistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB).

Norsk Industri anslår at det var 17.000 innleigde i industribedriftene i fjerde kvartal i fjor. Medan industrisysselsettinga ifølge SSB i fjerde kvartal i fjor var på 237.000, meiner bransjeorganisasjonen Norsk Industri realiteten er ei anna.

– Våre tal viser ei sysselsetting i industribedriftene på om lag 270 000, seier Knut E. Sunde, direktør for industripolitikk i Norsk Industri.

Med andre ord gir industrien jobb til over 30.000 fleire enn kva ein kan lesa ut frå statistikken.

– Tolkinga av at mange tusen tilsette har forsvunne, er feil så lenge dei berre har bytta kjeledress eller visittkort, seier Sunde.

Han åtvarar mot å trekka feil konklusjonar.

– Ei undervurdering av industriens omfang kan ha konsekvensar for konklusjonane ein trekk, viss ein tolkar outsorcinga som at industrien er ferd med å bli vekke, seier han.

Vekst med færre ansette

I industriparken på Raufoss er det kring 2500 som jobbar i produksjonsbedriftene.

Ifølge Narvesen har det vore ein samla produktivitetsvekst i industriparken på 46 prosent dei ti siste åra, mens snittet i norsk landbasert industri har vore på 19 prosent.

Mens verdiskapinga for ti år sidan var på 1,6 millionar kroner per arbeidstakar på Raufoss, er ho i dag på 2,6 millionar.

– Me har me ikkje skapt så mange nye arbeidsplassar, men me har mykje større verdiskaping på dei som er her. Det me har gjort er å skapa ein meirverdi, me har regenerert arbeidsplassar. Det er ein stor jobb i seg sjølv, seier Narvesen.

I Benteler til dømes, er bemanninga kutta frå 700 til 530 på ti år, mens omsettinga er dobla, ifølge Strandlie. Han seier at i bilindustrien trengst det ein årleg produktivitetsvekst på 8 prosent.

– For dei mest konkurranseutsette er det realiteten. Du har kjempa for å oppretthalda aktiviteten, seier han.

Narvesen og Strandlie meiner industrigigantane som Benteler må ha ei heilt sentral rolle framover.

– Det er dei internasjonalt store som har evne og potensial til spin offs som er av ein storleik som betyr noko. Me trur at det er vanskeleg å få til ein gründerkultur og vekst der utan at ein også lar dei store lokomotiva ha ei sentral rolle, seier Strandlie.

For Løkken og dei andre som jobbar i bildelprodusenten Benteler, er det uansett berre éin ting som gjeld.

– Me må vera best, seier ho.

Sak hentet fra Klassekampen

Geir

Tilbake til aktuelt
KONTAKTPERSONER

Prosjektkoordinator
Lars Rognås
lars.rognas@sintef.no
Tlf: 4085216

AKTUELT

Profil-Lakkering AS blir en del av Hydal Aluminium
14. September signerte Hydal Aluminium Profiler en avtale om kjøp av samtlige aksjer i Profil-Lakkering AS. Gjennom nesten 30 år har bedri...
Les mer ›››
Hexagon Ragasco bygde 100 000 gassbeholdere for VW
Hexagon Ragasco bygde 100 000 gassbeholdere for VW. ...
Les mer ›››
Fire millioner til Raufoss-miljøet
Fylkesutvalget har bevilget fire millioner kroner til aktiviteten hos NCE Raufoss i 2018. ...
Les mer ›››
Informasjonsmøte om Omstillingsmotor
Gjennom Omstillingsmotor kan du få hjelp til ditt kompetanseløft. NCE Raufoss fått ansvar innen avansert produksjon, og målet er å bidr...
Les mer ›››

NYHETER

Nyhetsbrev